No er vårens vervekampanje i gang. Norsk Målungdom skal ha 1000 teljande medlemer før sommarleiren tek til 6. juli, og for å få det til må me ha DEG med på laget, anten du vervar éin, to eller tretti.
Premielista er endå gjevare enn sist, så då er det berre å verve så blekket sprutar, og følga med på oppdateringane på vervekampanje.no. Her kan du både lese vervetips, registrera vervingar og sjå korleis du liggjer an i tevlinga om å bli årets supervervar!
Lykke til med vervinga!
Siste nyhende
100713: Vinnaren av vervekampanjen er Ida Lovise Skylstad!
Nå er vervekampanjen over, og vi har ein vinnar. Aller flest verva Ida Lovise Skylstad, som fekk heile 27 stykk til å melde seg inn og betale medlemspengar. Beste lokallaget blei Målungdomen i Nidaros, med 31 vervingar. Dei får ein pizzakveld til laget. Sjå heile resultatlista under vervetoppen.
100628: Siste veka i vervekampanjen
Nå er det siste innspurt i vervekampanjen. Vervetoppen blir ikkje oppdatert denne veka, men lurer du på kor mange betalte vervingar du har, kan du ta kontakt med skrivarstova, så vil me hjelpe deg. Siste frist for å registrere vervingar og betale medlemspenger er fredag 2. juli 23.59.
100615: Anne Marte Sletto leier vervetoppen
Med 20 vervingar leier Anne Marte Sletto (Studentmållaget i Oslo) nå vervetoppen. Viss du vil slå ho, er det framleis tid igjen før 2. juni.
Vi har totalt 37 betalte vervingar, som tyder at toget vårt har fått ei ny vogn. Verv vidare, så blir vi gjerne 1000 teljande medlemer før sommarleiren.
100614: Verveveke i Agder og Telemark
Ny verveveke, denne gongen i Agder og Telemark! Nå går vervekampanjen mot slutten, men det er framleis tid igjen til å verve fleire medlemer. Kanskje du har ein ven som framleis ikkje er medlem? Verv han no, og ver med og verv til tusen!
100607: Verveveke i Rogaland og Hordaland
No er verveveka komen til Rogaland og Hordaland. Dette er sjansen viss de vil ta innpå dei andre laga og vinna lagstevlinga! Hugs at vervingane berre er teljande når dei er betalte for. Det kan difor vera lurt å kontakta dei du har verva for å få dei til å betala. Alle som melder seg inn får ein giro i velkomstpakka. Det går òg an å setja inn 50,- på kontonummer 3450.65.48618 og merka innbetalinga med namnet ditt.
100531: Superveka er i gang!
Vervekampanjen går sin gang, og denne veka er det superveke! Det er ekstra lurt å verve no, for i tillegg til dei vanlege premiane har vi supervekepremiar.
Verv 3 og få: Kinogåvekort for to på valfri kino
Verv 7 og få: badmintonsett
For at vervingane skal telje i superveka, må dei vere registrerte innan søndag 6. juni 23.59. Betalinga må vere oss i hende seinast søndag 13. juni 23.59. Verv til tusen!
100525: Lagsveke i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Denne veka er det lagsveke i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målungdomen i Nidaros fekk verkeleg fart på vervinga sist veke. Klarer Firda Målungdom, Romsdal Målungdom, Førde Målungdom eller Årdal Målgerilja å slå dei denne veka?
100521: Verv i veg!
Har du ennå ikkje verva nokon? Det er framleis mykje tid igjen, berre hugs at dei du vervar må betale medlemspengar for at du skal få vervepremie av oss. Viss du brukar verveblokka, må du hugse å sende ho inn til oss. Treng du fleire, er det berre å sende ein e-post til skriv(a)nynorsk.no.
100518: Lagsveke i Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag
Som de kanskje har sett, har vi ein lagstopp i tillegg til den vanlege vervetoppen. Alle lokallaga er med i tevlinga, og det laget som vervar mest i vervekampanjen får ein pizzakveld med pizza til alle som har vore med og verva.
Kvar veke er det lagsveke i to eller tre fylke. Laga i fylka får då dobbel utteljing for vervingane sine i lagstevlinga. Denne veka er det lagstevling i Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag. Vis oss kor mange de kan verve før veka er omme!
100510: Vi har fått inn dei første vervingane!
Synnøve M. Myking og Studentmållaget i Oslo registrerte dei aller første vervingane. Det tyder at vervetoget allereie har fått ei vogn. Kvar vogn har plass til 25 nye vervingar. Verv i veg, så vil du snart sjå at toget veks!
100510: Vervekampanjen er i gang!
Nå har vi sparka i gang årets vervekampanje. Vi treng mange nye medlemer før vi når målet om tusen teljande, så det er bare å setje i gang og verve!
Er du russ i år? Verv ein ven til NMU før 17. mai og få eit Ivar Aasen-merke i posten til å stryka på buksa! Registrer vervinga di her og merk ho med «Russ».
